Moro for heile familien

Anmeldelse: «Wii Party»

Ei endelaus rekke med artige småspel skapar stor glede.

Publisert 24.11.10 13:21 | Sist oppdatert 24.11.10 13:26
«Wii Party» kan spelast aleine, eller for opp mot fire spelarar samtidig.
«Wii Party» kan spelast aleine, eller for opp mot fire spelarar samtidig.

God variasjon, solide utfordringar, sjarmerande, og kan spelast så lenge eller lite som det passar.

Nokre utfordringar er veldig like kvarandre.

«Wii Party» er ikkje så langt frå kva vi kan kalle det perfekte familiespelet. Det er eit spel både små og store kan få like stor glede av, om det så skulle vere for laurdagskvelden, eit barneselskap eller for vaksne som tek seg ein liten fest.

I essensen er dette berre ei samling med alle dei småspela du kan tenkje deg. «Wii Party» kan spelast aleine, eller for opp mot fire spelarar samtidig. Du kan kaste deg ut i raske spel der spelarane går gjennom nokre runder med forskjellige småspel, eller du kan setje i gong med større prosjekt. Spelet let deg spele bingo, prøve lukka ved å snurre eit hjul, eller du kan bryne deg på nokre variantar av tradisjonelle brettspel. Uavhengig av kva du vel gjev «Wii Party» deg ei omtrentleg oversikt over kor lang tid du må rekne med å bruke. Bingo tar kanskje femten minutt, medan eit stort brettspel kan ta så mykje som ein time.

Les også: Hvilken spillkonsoll bør du velge?

Felles for alle desse spela er at dei byr på mange små utfordringar. Gjennom desse vil spelarane konkurrere om å sanke inn poeng, eller om kven som skal få flytte seg først, alt etter kva spel ein spelar.

Alltid noko nytt

Sjølv om mykje av moroa i dei større brettspela handlar om å kome først i mål og å få flest poeng, er det likevel i småspela at den verkelege underhaldninga kjem inn i biletet. Vi møter ein imponerande variasjon, og spelet kastar heile tida nye utfordringar og oppgåver på spelarane. Desse småspela kan vere alt frå at spelarane må samarbeide om å balansere Mii-figurar på ein båt utan at den kantrar, til å hugse kva kort som gøymer andletet ditt.

Det er veldig enkelt, men det er samtidig det som er rota til kvifor det fungerer så bra. Du møter aldri komplekse oppgåver i spelet, og dette sørgjer for at alle deltakarane stiller likt, store som små. Dei einaste krava spelet stiller, er til kor godt ein hugsar ting, eller til logikk og koordinasjon. Med den store variasjonen sørgjer spelet samtidig for at sjølv om ein deltakar kanskje er veldig god på visse felt, er det garantert fleire han eller ho ikkje er like god på.

I stadig endring

Variasjon får vi òg gjennom korleis vi brukar Wii-kontrollen. Etter kvart som ein kjem seg gjennom dei mange utfordringane vil ein byte på å halde den sidelengs og trykkje på piltastane – eller vippe kontrollaren for å rulle ein ball – til å bruke kontrollaren som ein pistol når du skal skyte skilt med cowboyar på. Til trass for at spelet heile tida endrar seg og skal ha deg til å gjere nye ting, stoppar det alltid opp og informerer deg om korleis du skal spele. Dette blir gjort både gjennom tekst og illustrasjonar, noko som gjer det lett å forstå.

«Wii Party» kastar heile tida nye utfordringar og oppgåver på spelarane.«Wii Party» kastar heile tida nye utfordringar og oppgåver på spelarane.

Det einaste skåret i gleda – om vi kan kalle det det – er at nokre av utfordringane blir litt like i natur. Kontrollaren skal vippast både her og der, og meir enn ein gong må du finne ut kvar to like symbol skjuler seg. Innpakninga endrar seg oftare enn innhaldet, men dette er eigentleg ein svært liten bagatell når alle har det moro framfor TV-en.

Leikent og sjarmerande

I tillegg til å by på mange forskjellige utfordringar som bør få fram smil og latter blant alle deltakarar, er «Wii Party» bygd tett opp mot dei artige Mii-figurane som representerer kvar spelar. Når du sjølv er inne i spelet, om enn i sterkt karikert form, blir alt hakket meir personleg enn om ein hadde valt frå ei liste av kjende Nintendo-figurar.

Les også: Slik velger du spill til barn

Det som er spesielt artig er korleis dei forskjellige figurane endrar utsjånad i forhold til kva dei driv på med. Skal du snurre lukkehjulet vil alle til dømes stille opp i dress, medan ei av dei mange små utfordringane gjer alle figurane om til jomfruer. Det er små detaljar som har stor effekt, i eit spel som elles er veldig enkelt reint visuelt sett.

Konklusjon

«Wii Party» er eit glimrande spel for heile familien. Sjølv om det absolutt er fullt mogleg å ha det moro aleine, er det ingen tvil om at det er selskap med andre at den store moroa dukkar opp. Med konkurranseinstinkt og ein variasjon som nesten er endelaus kan du vere trygg på at ingen vil gå lei.

Om du framleis er i tvil kan du sjå slik på det: «Wii Party» er ei samling av alle tenkjelege brettspel, kortspel, småspel og leikar for dei yngste i ei pakke. Wii Party byr på all den moroa fysiske familiespel byr på, men utan alt det ekstra rotet, og du kan vere heilt sikker på at ingen spelebrikker vil forsvinne inn i sofaens mørkaste avkrokar.

Kommentarer

Tips oss

Send sms og mms med kodeord TIPS til 1930, eller send en e-post til tips@nettavisen.no

Spilldetaljer

Wii Party

  • Format: Wii
  • Andre format:
  • Kategori: Underholdning
  • Omtalt: 24.11.10 13:21
  • Terningkast: 5
  • Systemkrav:
  • Alder: 3+