Andpusten og støl

Anmeldelse: «Kinect Sports»

Dette får ungene opp av sofaen.

Publisert 29.11.10 08:32
Friidretten i «Kinect Sports» er satt sammen av fem aktiviteter, med alt fra løping til spydkast.
Friidretten i «Kinect Sports» er satt sammen av fem aktiviteter, med alt fra løping til spydkast.

Krev høg fysisk innsats. Har mykje variasjon, og inneheld noko for alle.

Ingen norsk versjon. Boksing er upresist. Litt tungvindt menysystem.

Om du er lei av at ungen sit framfor TV-en og spelar actionspel på Xbox 360 er det berre å investere i Kinect og «Kinect Sports». Dette spelet tek sportsspela og lagar skikkeleg sport av dei. I dei forskjellige sportsgreinene spelet byr på må du vere høgst aktiv, og det er samtidig veldig moro.

Del på Facebook

Spelet er ein direkte konkurrent til Nintendos «Wii Sports» og Sonys «Sports Champions», to spel som begge har gjort ein veldig god jobb i å bruke rørsler for å skape både artige og naturtru versjonar av kjende sportar. Det unike med Kinect Sports er derimot at i staden for å bruke ein kontrollar for å styre rørslene dine, les Kinect-kameraet heile kroppen din. Dett opnar for mange moglegheiter vi ikkje har hatt før.

Les også: Anmeldelse: «Wii Party»

Pulsen går

«Kinect Sports» kastar oss ut i fem forskjellige sportsgreiner. Du kan bryne deg på bowling, bordtennis, boksing, fotball og friidrett. Friidretten er på si side sett saman av fem mindre aktivitetar med alt frå sprint til spydkast. Alle desse sportsgreinene skapar ein herleg variasjon der kvar grein er forskjellig frå den andre. Det heile er i tillegg så nært røynda at ingen vil ha problem med å forstå kva som skal gjerast.

Om du skal springe i friidretten er det berre å gjere akkurat det. Skal du kaste spyd spring du hardt før du latar som du kastar spydet, og når Kinect les kor hardt og i kva vinkel du kastar spydet, opnar spelet for at du kan perfeksjonere ferdigheitene dine. Dei forskjellige vanskegradene sørgjer samtidig for at du vil finne ei utfordring som passar kvar enkelt, og ved å stige i gradene merkar ein veldig godt at spelet er både presist og balansert nok til å by på ei verdig utfordring.

Bordtennis er blant sportsgrenene du får i «Kinect Sports».Bordtennis er blant sportsgrenene du får i «Kinect Sports».

Spesielt merkast dette i bordtennis. Sjølv om spelet ikkje greier å sjå alt du gjer i minste detalj, er det nøyaktig nok til at du kan vinkle og skru ballar. Etter kvart som det blir vanskelegare blir det samtidig mykje meir fysisk. Du kan ikkje stå i ro på ein stad, men må flytte deg fram og tilbake for å gå frå den ein kanten av bordet til den andre.

Ein og annan nedtur

Sjølv om «Kinect Sports» for det meste gjer ein glimrande jobb i å lese alt du gjer til minste detalj, er det visse unntak. Spesielt boksinga viser seg som ei litt upresis og kaotisk affære, og blir difor ikkje like morosamt. Det er klart at blant dei minste kan det nok bli veldig artig, spesielt om to stykk spelar mot kvarandre, men om det er viktig å få alle slaga sine lest riktig er det ikkje ein suksess.

Betre går det med fotballen som demonstrerer på ypparleg vis korleis utviklarane har tatt det beste med ein sport, og kutta ut det som ikkje vil fungere så godt i eit spel. Her handlar det berre om å sparke ballen mot andre spelarar eller mot mål, og det er stor og utmattande moro.

Mykje å velje i

Om ein skulle trenge ei pause frå dei forskjellige sportsgreinene er det nok av andre ting å ta seg til. Spelet byr på fleire små minispel som byr på variasjonar av dei andre sportane. Dette kan vere å skyte så mange ballar i mål som ein kan på kort tid, eller å sende ei uendeleg mengde med bowlingkuler mot køllene. Felles for minispela er at det går i eit stort tempo, og sjølv om det er slitsamt er den konstant og umiddelbare poengtellinga på skjermen ein stor motivasjon til å prøve enda hardare.

Les også: Anmeldelse: «MySims SkyHeroes»

Her finner du også et morsomt bowlingspill.Her finner du også et morsomt bowlingspill.

Hakket mindre engasjerande er den litt tungvinte menyløysinga som tek for lang tid å kome gjennom. Du må gå gjennom fleire skjermar for å kome i gong, og det er ein langsam prosess om du vil gjere noko så enkelt som å skifte sport, eller går frå ein sport til eit minispel. Det er aldri vanskeleg å forstå kvar du skal gå, men det tek for lang tid, og sidan spelet ikkje er å finne på norsk kan nok dei minste trenge litt hjelp i starten.

Flott familiemoro

Sjølv om «Kinect Sports» har ein og anna skavank er det eit glimrande spel for å halde seg litt aktiv. Om ein ikkje skulle like fysisk aktivitet til dagleg er det mykje lettare å kome i gong når spelet umiddelbart gratulerer deg med ein flott innsats. Det er ei stor meistringskjensle i spelet, og sjølv om ein spelar på lettaste vanskegrad får ein verkeleg kjensla av å ha fått til noko.

«Kinect Sports» er ikkje eit treningsspel, men sidan dei forskjellige sportsgreinene i spelet for det meste krev høg fysisk innsats er ikkje dette langt frå å vere det artigaste treningsprogrammet du kan få tak i. Om familien går inn for å slå kvarandre i hekkeløp kan eg i alle fall garantere at det blir hard kamp om dusjen etterpå.

Del på Facebook

Kommentarer

Tips oss

Send sms og mms med kodeord TIPS til 1930, eller send en e-post til tips@nettavisen.no

Spilldetaljer

Kinect Sports

  • Format: Xbox 360
  • Andre format:
  • Kategori: Sport
  • Omtalt: 29.11.10 08:32
  • Terningkast: 5
  • Systemkrav: Xbox 360
  • Alder: 3+