Herlege kjæledyr

Anmeldelse: «Kinectimals»

Dette spelet sjarmerer både store og små i senk.

Publisert 29.11.10 22:54 | Sist oppdatert 30.11.10 10:54

Ubeskriveleg søtt. Har mange artige aktivitetar du kan ta del i. Veldig lett og forstå og kome i gong med.

Ikkje på norsk.

«Kinectimals» er det søtaste og mest sjarmerande spelet eg nokon gong har spelt. Det høyrest kanskje ut som store ord, men du skal ikkje bruke mykje tid på dette spelet før du skjønar kva eg snakkar om. I «Kinectimals» handlar alt om deg og dei søtaste kattedyra du kan tenkje deg. Du kan velje deg ein besteven blant ei rekke med ivrige og søte små katterasar som løve, tiger og leopard, samtidig som spelet med jamne mellomrom introduserer nye kattedyr du kan byte ut det gamle med.

Del på Facebook

Saman med din nye og svært lodne ven skal du leggje ut på eventyr på ei vakker øy for å finne skjulte skattar, og leike mange artige leikar. Det er alt spelet eigentleg handlar om, og i eitt ord kan alt oppsummerast som moro. Her er det ingen katastrofar, ingen problem og ingen dystre skyer. Alt handlar om leik og å kose seg saman med det nye dyret sitt.

Trå inn i spelet

Som eitt av lanseringsspela for Microsofts nye Kinect -kamera for Xbox 360 er «Kinectimals» eit spel du styrer utelukkande ved å bruke kroppen din. Du brukar ingen kontrollar, det er ingen knappar å trykke på, og alt du gjer er å røre deg som du ville ha gjort i røynda. For å gjere ting i spelet berre held du handa over skjermen, noko som vil få ei gjennomsiktig hand til å flytte seg i spelet.

Les også: Disse spillene er skapt for å deles

Med denne handa kan du kose med den lodne krabaten, mate han, eller finne på forskjellige leikar saman med han. Du kan kaste frisbee, slå ballar fram og tilbake, eller kanskje sjå kor lenge du og katten kan halde rytmen med eit hoppetau. Det er mykje å ta seg til i spelet, og det heile er så intuitivt og lettfatteleg at til og med dei minste vil forstå alt som skjer. Frå ein enkel meny kan du velje forskjellige leikar å bruke, og så snart du hentar fram ei, vil forskjellige små utfordringar dukke opp. Desse småspela har alle ei god utfordring som aldri blir for vanskeleg, og dei går ofte ut på å treffe nokre få blinkar, eller slå ned nokre brikker.

Ein liten ferie

«Kinectimals» er stort sett basert på små og enkle spel som tek kort tid. Det kan samanliknast med å ta seg fri frå resten av verda ei stund for å reise til eit lite paradis. Her kan ein leika og ha det moro, og ingenting er spesielt viktig. Det handlar meir om å kose seg enn å bli utfordra, og difor blir ingen av aktivitetane i spelet spesielt vanskelege. Dei varierer i kva du må gjere, men dei stiller veldig få krav til spelaren. Samtidig er det så mange forskjellige versjonar av kvart leiketøy,at ein kan halde på lenge berre med å prøve ut nye ting.

Det er imponerande mykje innhald i Kinectimals. Det som først ser ut som eit lite og søtt viser seg raskt å vere eit stort spel med mykje å gjere. Kvar gong du leikar med katten din får du poeng, og desse poenga låser opp forskjellige konkurransar, nye område du kan reise til på øya, og nye leikar du kan kose deg med saman med kjæledyret. Det er veldig mykje innhald i spelet, og det vil sørgje for at spelaren heile tida har noko å gjere på.

Les også: Nå får alle treningstudio hjemme

Du kan i tillegg prøve deg som interiørarkitekt. Når du er med i konkurransar kan du vinne pengar, og for desse pengane kan du kjøpe møblar og pynteting til ei lita hytte. Dette er ikkje den mest engasjerande delen av spelet, men det er eit fint element for alle som likar å sysle med slike ting.

Eit fantastisk barnespel

Med sitt veldig brukarvenlege kontrollsystem, dei sjarmerande kattungane og nydeleg grafikk endar «Kinectimals» opp som eit av dei beste barnespela på marknaden. Det har ei uimotståeleg utstråling og ei glede over seg som er ei sårt trengt mangelvare. Spelet handlar berre om å ha det moro og å kose seg. Det er ingen bekymringar, og alt som betyr noko er kva du og den vesle hårballen skal finne på neste gong.

Ein ekstra bonus er at det får deg eller ungen opp av sofaen for å gjere noko meir fysisk. Spelet er aktivt, og du må heile tida bruke kroppen for å kommunisere med kattungen. Det einaste minuset er at spelet ikkje er på norsk, men spelet er så pass enkelt å forstå ut frå det visuelle at det ikkje burde by på for store problem.

Denne vurderingen er gjort i samråd med barn.

Del på Facebook

Kommentarer

Tips oss

Send sms og mms med kodeord TIPS til 1930, eller send en e-post til tips@nettavisen.no

Spilldetaljer

Kinectimals

  • Format: Xbox 360
  • Andre format:
  • Kategori: Barn
  • Omtalt: 29.11.10 22:54
  • Terningkast: 6
  • Systemkrav: Xbox 360 med Kinect
  • Alder: 3+